tirsdag 25. november 2014

Psssssst...... kremt......

Er det nokon der.....

Etter ei laaaaaaaaang pause kjenner eg at eg må finne tid til å skrive litt her.

Det å gå frå å vere heime og ikkje kunne arbeide,  til å vere i deltidsjobb for andre, i tillegg til å starte, eige og drive eigen butikk tek ganske mykje av tida mi.


Det er utruleg kjekt og inspirerande og eg har fått den beste jobben eg kan ha! Eg er omgitt av fargar, garn og stoff heile dagen. Eg har fått hobbyen min som jobb!

Eg er utruleg heldig som får jobbe i byen sin garnbutikk samt å kunne få opne min eigen butikk med stoff i same lokale. Kvardagen min er god, etter nokre timar i Garn og Brukskunst Eftf kan eg fortsette i min eigen butikk Hjertefryd AS.


Døgnet har dei timane det har og dei skal fordelast på jobb, familie og kreativt påfyll. Og etter noko påtrykk og sist men ikkje minst at lysta til å blogge er tilbake, så vil eg prøve å skrive litt her att.




Eg har nok ein gang vore med, (på sidelinja....), på julegåta til Merete.

Det er alltid like kjekt og tidlegare år har eg følgt med kvar dag.

I år vart julegåta løyst på søndag.

Eg var streng med meg sjølv, eg kikka ikkje på den før eg hadde tid å sy, og tok del for del nett slik det var meint..... ;)









Eg starta med dette utgangspunktet.


Det er kjekt å plukke slik på "lykke og fromme" og ikkje vite kvar det endar....

Av og til endar det godt....


... og av og til ikkje heilt slik du trur/vil....





I år vart det siste alternativet for meg...

....så når rutesettet og stripesettet skulle syast saman, så vart eg enig med meg sjølv i at eg rett og slett hadde laga "to halve" julegåter.....

Dette vart til slutt den eine, der eg berre bytte ut stripesettet....






Og her nr 2 der rutene er bytt ut og sirklane er på veg!

Eg har funne fram stoff og skal kutte og sy ein anna dag.....

Då skal eg og quilte og gjere ferdig begge to.

Så nok ein gang takk Merete for at du brukar tid på å lage kos for oss andre!!

Det er grådig kjekt å få vere med, sjølv på sidelinja.....

No er det til for litt saum, denne gangen for Hjertefryd AS..... ;)


Gjer dagen din god!

mandag 27. januar 2014

Strikk - meditasjon og kreativ leik.

Eg hadde og har planar om å skrive meir her. Det er og andre planar som skal setjast ut i livet, som no tek litt plass i kvardagen. Dei planane skal eg komme tilbake til seinare...... Det blir altså skrive litt no og litt då ettersom tida strekk til.


Strikk er framleis ein viktig del av kvardagen. Det er god avkobling og nesten meditasjon.....
Eg får mykje inspirasjon av å vere på jobb. Det er mange fine fargar og trådkvalitetar som eg gjerne vil prøve ut. Eg har og god tilgang på gamle mønster på jobb samt at det er mykje god inspirasjon på nettet og i nye strikkebøker og -blad. Eg kosar meg og må berre endre litt her og blande litt der og vips har eg noko unikt og kjekt som ingen andre har....

Det har resultert i nokre mønster. Barnekjolar, luer, pulsvantar og puta eg hadde bilde av i forrige innlegg. Eg fekk spørsmål om strikketeknikken eg har nytta, det har eg beskrevet i mønsteret som eg har for sal.

Denne kjolen har blitt til fordi eg ville prøve ut kurvstrikkteknikken. Det er og kjekt å bruke ulik garnkvalitet i same plagget. Eit tjukt garn til kurvstrikk, for betre å få fram strukturen i mønsteret og eit tynnare garn til skjørtet for eit mjukt og godt barneplagg.

Pulsvantar er og kjekt å lage, og eit fint kursprodukt. Ein kan gjerne bli ferdig med dei på kurset. Det er kjekkare å kunne ha eit plagg etter eit kurs, enn ein prøvelapp som berre blir liggjande.... ;) Så no er det berre å skrive oppskriftene og gjere dei klare.


Gjer dagen din god!

 

fredag 3. januar 2014

Nytt år og nye mogelegheiter!

 

2014 nytt og blankt og full av mogelegheiter. Det kjem til å bli eit spennande år og eg håpar at eg kan skrive her med jamne mellomrom.

Hausten i fjor var travel med ein vekependlande mann, men enn så lenge blir han heime. Vi satsar på at det varer.

 

Det vil i så tilfelle gje meg meir tid til å vere på yndlingsplassen, syrommet..... Samt god tid til å vere saman med mine kjære.

Då vil det i tillegg til nye og fleire strikkeprosjekt og snike seg inn syprosjekt her.

 

Håpar det nye året ditt og blir godt, kreativt og med mange spennande mogelegheiter!

Gjer dagen din god!

lørdag 5. oktober 2013

;) Det skjer no litt......

Her har det vore stille leeeeenge....

 

Det har vore ferietur til Brighton og London..... Lite blogging om det, men det var ein kjekk tur. Her kjem ein kort, kort versjon..... ;)
 
Vi har traska og gått, stått i kø, køyrt tog, shoppa og vore på stranda. Eg fekk nyte sola, kaffi, god mat, fine steinar, havet og det britiske folkelivet....


Handarbeidet var med meg omtrent overalt.... Eg fekk ein tur innom Liberty og nokre fleire stoff-og trådbutikkar ;) Litt nye stoff, tråd og knappar har funne vegen til skattekammeret mitt.....

 

Vel heime att har det vore kos både inne og ute. Småturar i nærområdet og kaffi/tepausar inne....

 


Eg har nytt sommaren og hausten med alle dei fine fargane og blomane.....



.....utsikta og sola i alle variantar samt regnbogen.....



Eg har sydd litt, hekla litt, lese bøker og strikka mykje.



Eg har vore på kurs med inspirerande, fine, kunnskapsrike og sprudlande Anne Beier Finnestad.

Der sydde vi sirklar og rundingar/kuler. Vi fekk og prøve oss på tekstilmaling.

 

Det var som vanleg ei god kurshelg med kjekke damer, klipping, saum, maling, saum, god mat, saum...... Påfyll av inspirasjon og kunnskap.

 

 

Eg jobbar på garnbutikk og dermed er det vanskeleg å ikkje bli freista og inspirert.... Lysta til å prøve nye garnsortar i tillegg til dei gamle favorittene er svært tilstades. Det er både kjekke kollegaer og kundar som inspirerer.

 
Nettet gjev framleis mykje kjekk inspirasjon og glede. I september var eg med på ein samstrikk av barnejakka "villsauene på runde" på Ravelry.
 
Grådig kjekt med samstrikk der utfordringar kunne diskuterast, spørsmåla stillast og fine, gode, positive kommentarar skrivast og lesast .... Og ein fekk kjappe svar
 
Designeren Pinneguri, med bloggen med pinner, var og med og hjelpte og forklarte mykje undervegs. Ein ny og betre versjon av mønsteret vart til, med gode innspel frå deltakarane, i tillegg til mange, mange flotte jakker! Min versjon ser du nedanfor. ...og kanskje kjem det meir om den om litt.... ;)

 
Eg vart ferdig med første julegåva i september, det er ny rekord for min del... Andre prosjekt er og i gang og nokre er ferdige...
 
I desse revetider er det vel naturleg å strikke, sy og synge om revar.... Høyrer nett no Ylvis på radioen for ...?.... gang.....
Eg har laga to luer. Denne på bildet overfor og ein baggy variant. Dei fall i smak og er allereie i bruk...
 
Dette var ei lita oppdatering av dagane som har rasa av garde. Det er "høgt tempo" på kvardagen, litt for høgt fortida, men håpar det går seg til etterkvart.
 
Eg håpar å skrive litt meir her no, men det blir nok med litt ujamne mellomrom, når kvardagen tillet det. I pausene som må til i kvardagen blir det lett å ta til strikketyet, då det ligg lett tilgjengeleg og er passelig avkobling nett no.
 
 
God helg til deg!
 
Gjer dagen din god!

 

 

søndag 14. juli 2013

Titt tei.....

Kalenderen viser sommar...... Eg lurer på om det er rett...... men godt syveir er det.

Ferie inneheld handarbeid, skogsarbeid, beising av hus på nokre av oss.... (les; ikkje meg...) og litt saum.

 

 

Eg har god hjelp av ein som gjerne er med på leiken. Planen var å nåle saman bakstykke, vatt og topp. Klargjering til quilting. Pusen lurer på kva som skjer og vil gjerne vere med. Det går fint å krype under her...... Og kva er dette for noko....

 


Neste steg var ny nål i maskina, ny snelle undertråd, fersk kaffi og friskt pågangsmot! Maskina gjekk seg god og varm. Til og med eg fekk og varmen i meg.....

 

 

 

Nokre pauser seinare og mange, mange sting.... er eg ferdig. Ferdig med å quilte, skjere reint og lukkekant får vente til i mårå.

 


No er det strikk, sofa og nokre sider i sommarboka som står for tur....

 

 

Gjer dagen din god!

 

lørdag 25. mai 2013

Travle tider

Den siste måneden har forsvunne på eit blunk, tida har vore brukt til mange forskjellige syslar. Og eg har hatt ei kjensle av å "springe etter" og nesten rekke det eg skal....

 

To konfirmasjonar i storfamilien, kjekke dagar med gode vennar og familie. Flotte ungdomar som no er nesten vaksne og eg skjønar ikkje heilt at tida med gulla har gått så fort.

Min kjære og eg vart valde til fadder til begge to og har gleda oss over dei kjekke ungdomane dei har blitt. Ei lett oppgåve har det vore å stå på sidelinja å sjå dei utvikle seg til flotte ungdomar.

Pappa fekk lufte sin nye bunad i begge konfirmasjonane og merka at ullkleda varmar.... Han er flott i nasjonaldrakta!

 

På 17 mai kom varmen og kvitveisen! Ein travel og flott dag som i Florø blir feira heile dagen, med mogelegheit for å gå i 3-4 tog....

Vi starta med barnetoget, så var det komitearbeid for min kjære, to av gulla og meg. 17. Mai feiring på skulen og for siste gang er vi med å lagar den til. Litt vemodig, men og litt godt på ein travel dag. Strålande veir gjorde dagen til endå betre. Deretter var det borgertog, og taler m.m.

Dagen vart som vanleg avslutta med spleiselag med god mat og gode vener for små og store. Gode tradisjonar å halde fast på.

 

 

Med travle dager på jobb og heime gjer det godt å kunne slappe av med handarbeid. Oftast blir det strikk og hekl, men av og til har finn eg vegen til syrommet.

Det har blant anna resultert i å få ferdig løparen eg laga på kurset til Anne Beier Finnestad. Ein ny kjekk teknikk som eg nok kjem til å bruke seinare. Som vanleg har eg nokre planar..... Anne var som vanleg inspirerande og krydra kurset med sitt gode humør og mange gode historier! Kjekke damer på kurset gjorde helga til ei god stund. Eg fekk mykje godt påfyll.

 

No skal eg sy litt og så vil eg og nyte sola som nett har kome fram att. Eg nyt sol og varme og våren. Det har omsider vorte grønt og fint att og snart får eg gjerne litt sommarblomar i krukkene....

 

Gjer dagen din god!

 

lørdag 20. april 2013

Ut på tur.....

Så langt, så godt..... Slik var det sist søndag... Eg kom endeleg i gang med bunadsvesten. Etter "å ha skubba den føre meg" ei tid. Søndag kveld var kragen ferdig brodert og samansydd.

 

I går kveld kunne eg puste letta ut, då var neste etappe nådd! Vesten er klar til prøving, og eg kan vente til eigaren kjem.

 

Og gjett om eg skal kose meg! Eg skal på kurs med Anne Beier Finnestad. Kose meg i to dagar med kjekke damer, fantastisk kursleiar mange gode fargar og gjere ein av tinga eg likar aller best!

God helg til deg! Nyt helga og gjer det du og likar best.

 

Gjer dagen din god!